Paal-Helge Haugen
(Carlo Gesualdo da Venosa)
(Carlo Gesualdo da Venosa)
Kor mange stemmer skal det til
for å skape ein samanhengande kjærleik?
Gjennom netter dagar blikk og mumlande røyster
held eg saman.
Eg er kjærleik bortanfor Gud.
Kvinnene mine stig urørte frå lega mi
utan å ha kjent kjærleiken min
som brenner, som svir
som svir meg.
Ingen skal reise seg frå lega mi
utan å ha kjent meg
fleirstemmig meg langt inne i seg.
Det kjem aldri til å la meg i fred.
Stemmene sirklar, tunge og drektige
på venger av bronse og marmor.
Eg syng meg inn i kvinnene.
Dei syng for ein annan, ein tagal
ein teiande elskar.
Eg lærer språket hans nå, sakte
(Feria Sexta, 1611)