Paal-Helge Haugen
Meditasjon XXVI
语言: 挪威文
翻译:
德文 (Meditationen XXVI), 土耳其文 (Meditasyon XXVI)
Meditasjon XXVI
(Engelen viser segforJosef)
Eit sus som av fuglar
av venger oppspende mot stormen
eller slepande mot marka
Eit grep inn i natta
Ein hard neve
som klemmer saman mørk materie
Stigmata, svoltne munnar
i handflatene
Augo som har sett for mykje
og likevel tørstar
Og engelen trør inn, ordlaust
midt mellom sovande og vakne
synleg i det usynlege
Engelen
Engelens søstrer og brør
Den aldri avslutta skapinga
vibrerande gjennom rommet
gjennom alt
Frå ingen stad
kjem det forklåra lyset
som fløymer ut
av handa som held lyset