Kjartan Hatløy
[HER HAG ÒG]
[HER HAG ÒG]
HER HAR ÒG foreldra mine budd, i dette same kvite vesle huset, for det meste trygge, i periodar sæle. Kor lenge sidan er ikkje det.
No er her nordisk natt. No er her vakker sommar. No er dei små timane her, lenge sidan midnatt. Eg avgjer at eg vil feire at desse timane hender. Endå det er så seint i livet. Eg feirar ikkje med dram, berre med å la tankane svive og ikkje vike unna for noko. Om lag kl. 03 er det at eg legg meir merke til døra i gangen. Eg lyt leggje merke til den, det litt nifse som brått er der bak eit rektangel av småbylgjete glas. Der, bak det, er det ikkje berre nattemørkret som er møtt fram, men noko ufråvikeleg, høgst levande svart, det er gjerne den strengaste herren som er komen så nær, eller kan det vere sjølve inkje som sender ein roande engel.
Berre for menneske som er uroa, er han eit problem, er han til. Ikkje nokon farge er han, ikkje svart lys. Og ikkje døden heller. Men det er noko som er lagnad, står berre og strålar stilt no lenge før morgonen kjem, og ein brenn ikkje slikt.