Kjartan Hatløy
[LANGT BORTE I]
[LANGT BORTE I]
LANGT BORTE I det fjerne står eit menneske, ser eg. Ein kan ikkje vere viss: Kan hende ser det ei heilt anna sol, oppfattar gull annleis. Mennesket er så langt vekke at det er svart. Rørslene det gjer, er så små at ein kan seie det står absolutt stille. I same tid: Også alt som går føre seg oppe i høgdene, hender. Skyene der oppe, dei liksom boblande, er dei nye skyene, denne dagens skygjeng; men alle slike, alle himmelherskarane, er jo milliardar år gamle, der dei høgtideleg dreg vidare og aldri kjem att slik. Og inni desse som fraktar vatn eldre enn jorda, finst ei veldig stemme. Og den har drege seg attende for alltid. Ut frå denne perlande, livlege kjøld der inne vil den aldri meir tale.