Kjartan Hatløy
[KVA SKAL DET]
[KVA SKAL DET]
KVA SKAL DET tyde, dette gule orebladet, og det er enno ikkje august? Det som fall ned her i denne ganske breie, svarte og glatte bekken. Så lett som ein pust var landinga på overflatehinna. Frå no av tvinga å følgje med, fare med bekken sin fart denne dag, denne time. All denne hending forgår ikkje. For alt det tidlegare lever, også det vonde, om enn det er løynt no, djupt i skuggen frå nokre tjukke skyer som streifar den grågrøne åsen i aust, ganske nær. Kan hende alt det tidlegare bur her borte, i framoverrørsla til denne kjølige skuggen, som dannar bylgje på bylgje og ikkje stoggar. Som dreg seg vekk frå alle menneske, men som likevel kan vere på sin veg til eit høgverdig mål.