Kjartan Hatløy
[Dødsdagen ynskjer eg at fjorden]
jezik: norveščina
Prevodi:
nemščina ([Für meinen Sterbetag wünsche ich mir])
[Dødsdagen ynskjer eg at fjorden]
Dødsdagen ynskjer eg at fjorden skal vere marinblå lengst ute mot
havet og glattare enn silke. Nærast vil eg ha sølvbylgjer av dei aller
minste over eit stort felt. Ingen skal kunne sjå dei, men dei skal
dirre og skjelve. Ikkje leit, seier alt folk, han stakk seg vekk nedi
taren.