Ruth Lillegraven
den tapte fuglen
den tapte fuglen
så kjem
nye dagar
og nye bøker
har du høyrt
om dodofuglen
seier eg til abelone
ho sit med blikket
i fanget, seier
ikkje noko
har du høyrt
om dodofuglen
seier eg igjen
no ser ho på meg
nei, seier ho
eg har lese om han
seier eg, lese om han
i den nye boka
frå knut
dodofuglen
levde på mauritius
ei øy i det indiske havet
eit stort nebb hadde han
eit stort hovud
eit bankande hjarte
og små, ubrukelege
venger
kunne slett ikkje fly
kunne knapt gå
han som ein gong
må ha kome til øya
gjennom lufta
høgt oppe må han
ha sveva
før han blei så stor
og klumpete
så ute av stand
til å lette
men eit liv hadde han
eit liv som var hans
og skogen
med sine salar
og salongar
var hans
til menneska
kom til øya med
griser og apar
og rotter
alle var dei sterkare
enn han
snart var skogen hans
øydelagd
ingenstad var det
å gøyme seg
og ikkje kunne han
flyge derifrå
sidan har det gått
to hundre år
to hundre år der
ingen har sett
dodofuglen