Kjartan Hatløy
[DEI HAUSTMAGRE SVARTE]
[DEI HAUSTMAGRE SVARTE]
DEI HAUSTMAGRE SVARTE trea oppe på åsen er ikkje min dag sine tre. Alt lyset på nest siste desemberdag er ikkje mitt. Då eg står og ser, byrjar trea ein stutt svevn midt på dagen. Ei minimal sky over India pustar for dei.
Trea har også eit liv å leve. Det veit ingen, at nokre tre er mine. Kvar desse står, veit berre eg. Mine syg ikkje vatn, men purpur, jade og gull, framfor alt: dagar.
Så stilt ettermiddagsmørkret fødest! Det kjem sivande ut frå klaka mark, ut frå ti tusen nakne greinrike, ut frå kosmos sin nære vilje.
Ein ramneflokk kjem til synes med lia som bakgrunn. Den flyg særs ivrig, men merkeleg nok sakte likevel. Vestover fer den, mektig, ikkje berre talrik. Fer i ein slags slumpens formasjon først. Så formar den tjukke søyler i lufta, vert nokre augneblinkar ein omvend pyramide, nesten perfekt, den stig femti meter, så opp gjerne femti til. Det siste eg ser av ramnane, er at dei passerer øvste topp og har klumpa seg saman til eitt heitt, hamrande, flygande hjarte.