Kjartan Hatløy
[TIDLEG I NOVEMBER]
[TIDLEG I NOVEMBER]
TIDLEG I NOVEMBER, og grått mørkre alt ved middagstider. Eg er ved målet for spaserturen: fjorden. Meir nøyaktig: Smillevågen. Nett i det same held floa på å nå sin kulminasjon. Ein kan høyre henne. Mellom to berghamrar i sør og nord vert all lyd forsterka. Ørsmå bylgjer kjem inn vågen frå vest og når opp til sitt største: Dei døyr i kvit, finkorna sand, kvar med sin veike lyd. Her munnar ein bekk ut i strandas sandskatt, etter fleire kvasse svingar. Den bringar denne dagen svarte blad ut i fjorden, ein mørk masse av blad i mørke bekken, dei driv på og kjem, det tek ikkje slutt, meir kjem, det varer. Her har eikeblad enda, or, ikkje minst lønn, mykje bjørk. No er dei like alle, og dei er i titusental komne nett hit. Alle er i den same svarte fargetonen, og dei kjem svevande ned til denne upåfallande fjorden, kjem utan ein einaste pause og medan berre eitt menneske var til stades.