Ruth Lillegraven
stilla er ei sky
stilla er ei sky
barnet er i alt
og far min
med bjørnekreftene
har han reist seg
slik kornet
reiser seg etter vinden
sivet reiser seg etter bølgja
og blomen etter regnet
no går han atter fremst
lagar hol i bakken
med spettet
så kjem eg
skal setje staurane nedi
så det blir hes, så det blir fôr
så alt blir slik det skal vere
hadde eg berre klart
å halde staurane
kva er det med deg
seier far
ikkje noko, seier eg
noko er det, seier far
det ser eg jo
lenge teier eg
alt skjelv og renn vekk
det er eit dyr i meg, seier eg
det et på hendene mine
glefser og bit
ilt gjer det, og veik vert eg
veikare enn morpoteta
om hausten
og no er det far som teier
stilla blir ei sky der på åkeren
då har du vel ilt andre stader også
seier han til sist
styggedommen går vel i blodet
slik styggedom gjerne gjer
bjørnen går i deg
slik han gjekk i meg
leagikt, seier me her
revmatisme
seier dokterane
same elendet er det
før i tida hadde dei
sett igler på deg, eller
opna ei åre, tappa blod
han karl bror var så flink
med sjuke dyr
det visste folk
så var han her
då sende dei bod
på han, til alle tider
og frå alle grender
for ingen kunne
roe redde dyr som han
ingen kunne stoppe blod
som han, aldri vart det
verk i sår han stelte
også folk
hjelpte han
sjuke og skadde
berre meg kunne han
ikkje hjelpe
for mot dette finst inga hjelp
men hugs at det gjer berre så ilt
som du vil det skal gjere
så ta no saga, stauren og sigden
og gjer det du skal
hugs at alt kan du gjere
og alt kan du vere