Ruth Lillegraven
overtakinga
overtakinga
så er tida inne, garden
med lut og lunnende, ein
hest, fem kyr, ti sauer og to
griser, løe og stabbur, kjerre og
slede, utmark og innmark, båt og
naust, vert skriven over på meg, så
er han min, så er han mi plikt, og eg
høgg og hamrar og ryddar og byggjer
og vaktar og vernar, eg er på åkrane og
bakkane, i skogen og floren og fjøset, er
der ved morgongry og kveldsglo, månen
i ny og månen i ne, igjen og igjen, gult skal
kornet vere, men ikkje for gult, moge, men
ikkje for moge, handa og kornet og sigden
samle og skjere, og under bjørka, der står
far min, besten hans, far hans og besten
hans, alle står dei med armane over
brystet og nikkar det vesle nikket
sitt, for eg er son til svein, og
han er det eg skal vere