Ingrid Storholmen
[Du skal finne namnet til snøen]
língua: norueguês
Traduções :
alemão ([Du willst den Namen des Schnees finden]), holandês ([Je moet de naam van de sneeuw vinden])
[Du skal finne namnet til snøen]
Du skal finne namnet til snøen
Eg går frå fonn til fonn, kva heiter du vesle hagl
eg har samla så mange namn, dei er vakre, slik som Tankanama
Lendale, Ormadatina, Finkalatala, Jutipanano, Shibboleth
Eg har skrive ned namna på lappar, små, kvite lappar
lappane tyt ut av lommene mine, eg ser dei dett ned i snøen
dei er vanskelege å sjå: kvitt i mot kvitt i mot auget mitt
Korleis skal eg skille lappen med namnet frå snøen
men plutseleg finn eg noko, noko som ikkje er namn, ikkje er snø
Dekt av vinter utan å røpe ein einaste farge