Ruth Lillegraven
året 1877
året 1877
slik ein tørr sommar det blei
høyet voks ikkje, no kjem hausten
med sprengkulde og utan snø, folk dett
på hålka, slår seg helselause, i februar 1877
snør det endeleg, snør og snør oppå meter med
tele, i fire veker laver det ned, dag og natt, mars
kjem og går på same vis, første april har me nesten
ein meter, aldri har me sett så mykje snø her, så nær
sjøen, så blir det ikkje vår, så blir det ikkje såing, ikkje
før i slutten av mai, først langt uti juni kjem dyra ut av
vinterbåsane og i heimehagen, der går dei og svelt, og
fleire av dei beste må me slakte, kornlagera må me
tømme, tre dagar i veka må nils på markeskog
bjørnen har lagt seg over meg i full tyngd
føtene mine ligg her berre, og hendene
mine, alt visnar, blir tynt og skjørt
som det siste haustlauvet