[KVA SKAL DET]

KVA SKAL DET tyde, dette gule orebladet, og det er enno ikkje august? Det som fall ned her i denne ganske breie, svarte og glatte bekken. Så lett som ein pust var landinga på overflatehinna. Frå no av tvinga å følgje med, fare med bekken sin fart denne dag, denne time. All denne hending forgår ikkje. For alt det tidlegare lever, også det vonde, om enn det er løynt no, djupt i skuggen frå nokre tjukke skyer som streifar den grågrøne åsen i aust, ganske nær. Kan hende alt det tidlegare bur her borte, i framoverrørsla til denne kjølige skuggen, som dannar bylgje på bylgje og ikkje stoggar. Som dreg seg vekk frå alle menneske, men som likevel kan vere på sin veg til eit høgverdig mål.

© Kjartan Hatløy&Forlaget Oktober
De: Den kvite vegen : stemningar frå Salbu
Oslo: Forlaget Oktober, 2016
ISBN: 978 82 495 1653 7
Producción de Audio: Haus für Poesie, 2018

[WAS SOLL]

WAS SOLL es bedeuten, dieses gelbe Erlenblatt, und es ist noch nicht einmal August? Das hier in diesen sehr breiten, schwarzen und glatten Bach fiel. So leicht wie ein Hauch war die Landung auf dem Wasser. Von nun an gezwungen, zu folgen, mit dem Bach zu reisen auf seinem Weg durch diesen Tag, diese Stunde. Dieses Geschehen vergeht nicht. Für alles, was früher lebte, auch das Böse, auch wenn es jetzt verborgen ist, tief im Schatten einiger dicker Wolken, die den grasgrünen Hügel im Osten streifen, ganz nahe. Kann sein, all das Frühere wohnt hier draußen, in der Bewegung hin zu diesem kühlen Schatten, der Welle um Welle bildet und nicht ins Stocken kommt. Der sich von allen Menschen entfernt, aber dennoch auf dem Weg zu einem hohen Ziel sein kann.

Aus dem Neunorwegischen von Klaus Anders
in: Kjartan Hatløy: Der weiße Weg. Stimmungen aus Salbu. Berlin: Edition Rugerup, 2018