Kjartan Hatløy
[Nokre einar der oppe i halvbratta]
Idioma: noruego
Traducciones:
alemán ([Ein paar Wacholder dort oben in halber Höhe])
[Nokre einar der oppe i halvbratta]
Nokre einar der oppe i halvbratta, av den mørkegrøne sorten, ikkje
av den lysegrøne
dei av granfargen, grønaste av den
den vesle gruppa høyrer på den vesle sikla, står
for ei lita skrå myr har nesten stogga framrykkinga
dei sterke eineluktene sler lag med
lukta av heit augustmyr som kan stilne storm og blod.
Dei har send fram ein speidar
ho er fem år berre
står midt i myra. Står og står. Eit lite 0
men om den avgjer ei kattugle alt
dag som natt