bjørnedans
så ein sundag
i raud morgondis
kjem ein annan slags
bjørn til bygda nede
på kaien
russisk er han
men blir leia i land
av to italienske menn
tauet har dei festa
i ein ring i nasen hans
å, du store brunbjørn
så blakk på bringa
kva skal du her
danse skal du visst
svinge deg i kring
og stå på to
alt dei ber deg om
skal du gjere
og folk
stimlar og stirer
hoiar og gaular
den eine
etter den andre
vil bryne seg på
framandbjørnen
sjur i oppetun
lars i utetun og
hans i midttun
dei gjev seg i kast
bryt og bender
bjørnen står der
så høgreist
læst som han
kan overvinnast
legg så den eine
etter den andre
i bakken
der ligg dei
skrattar og ler
veit ikkje betre
ikkje tenkjer dei
på folkedrepo
ikkje tenkjer dei
på trollskap og
mannebjørn
nei, dei dillar
dullar og dansar
med bjørnebeistet
som var han ein sau
berre eg ser
dei spisse tennene
det raude i auga
berre eg høyrer han
knurre og kvese så
hesleg og håst
du, endre, seier dei
du har alltid vore så sterk
du må då kunne ta bjørnen
ja, endre, ta han no, seier dei
og visst drap far min bjørn
far min drap folkedrepo, og
farbror min drap isbjørn
gjorde skinnet til sitt
men eg
står her berre
bjørnen har
sett klørne i huda mi
og tennene i ledda mine
gnafsar og gneg på hofte
og olboge, skulder og
handledd og fingrar
og ingen ser
og ingen høyrer
nei, her har ingen
trolla mann i bjørn
her har nokon
trolla bjørn i mann
her har nokon
trolla bjørn
i meg
From: SIGD. Dikt
Oslo: Tiden Norsk Forlag, 2016
Audio production: Haus für Poesie, 2019