(Carlo Gesualdo da Venosa)

Kor mange stemmer skal det til
for å skape ein samanhengande kjærleik?
Gjennom netter dagar blikk og mumlande røyster
held eg saman.
Eg er kjærleik bortanfor Gud.
Kvinnene mine stig urørte frå lega mi
utan å ha kjent kjærleiken min
som brenner, som svir
som svir meg.

Ingen skal reise seg frå lega mi
utan å ha kjent meg
fleirstemmig meg langt inne i seg.
Det kjem aldri til å la meg i fred.
Stemmene sirklar, tunge og drektige
på venger av bronse og marmor.
Eg syng meg inn i kvinnene.
Dei syng for ein annan, ein tagal

ein teiande elskar.
Eg lærer språket hans nå, sakte


                                                            (Feria Sexta, 1611)

© Paal-Helge Haugen und Det Norske Samlaget
From: Det Overvintra lyset : Dikt = Das überwinterte Licht : Gedichte;
Oslo : Münster: Der Norske Samlaget : Kleinheinrich, 1988
Audio production: 2006, M.Mechner / Literaturwerkstatt Berlin