Ruth Lillegraven
mor og far
Language: norwegian
Translations:
german (mutter und vater), dutch (MOEDER EN VADER)
mor og far
mor mi
er smeltesol
og smørblom
far er gamalgran
og sveveørn
svingar sigd og
hesjar høy
sliper ljå og
vender jord
dette må du gjere
dette må du vere
seier han
berre slik
kan berg og båre
og fjell og fjøre
framleis vere
vårt
framleis vere
du og eg