Ruth Lillegraven
måne i ny
måne i ny
den evige tida
seier dei gamle
under bjørka
som gras på hesa
som garn på spolen
som sirkelen kring
månen, rundt og
rundt
for alt som skjer
har skjedd før
og alt som skjer
skal skje igjen
i æva kan
ingenting endrast
i æva finst
ingen inngang
og ingen utgang
og alt har si tid
å fødast har si tid
å døy har si tid
å så har si tid
å hauste har si tid
og om linerla hoppar
rundt plogen
om gauken kjem tidleg
eller skjora byggjer høgt
då blir det velstand
då vil åkerhøna skrike
godt kodn, vel skjert
godt kodn, vel skjert
alt det skal gå godt med
lyt gjerast på veksande måne
leggje korn i jorda skal du gjere
i ny måne
treskje skal du også gjere
ved veksande måne
ku skal ikkje leiast til okse
ved minkande måne
men kalv
fødd ved nymåne
han får gjerne leve
mest ull får du om
du klipper sauen i ny
og om skogen fell i ny
ja, då stig sevja sterkare
og ny skog kjem raskare
gras og blomar er
ein heilagdom
gras og blomar
er som gull
så aldri vasse i graset
eller rive opp blomar
fånyttes
dette lyt du hugse
dette lyt du følgje