Kjartan Hatløy
[DET VISNA GRASET]
Language: norwegian
Translations:
german ([DAS WELKE GRAS])
[DET VISNA GRASET]
DET VISNA GRASET vinn no langs elva. På nytt sender det fram dei vesle landa med blomstrande blåknapp; gruppe på gruppe kjem til synes langs stien. Blå sfærar er, dei var ikkje i føregår. Dei er i ein kulde som kom frå tåke. Den byrja eit steinkast ifrå dei og rekk til åstoppen i minste fart. Åstoppen er ikkje død, men lever ikkje heller, er sett i gang av noko særs framandt.
Desse blå sfærane hos elvelydane no framover i tid, frå sine første timar varleg rørte av bris utan stogg. Blå kommentarar til elvas lagnad, til alt hennar, til hennar gjerning.