Ruth Lillegraven
på blåhavet
på blåhavet
det er
haust i skogen
snart skal han sove
så stille og svart
men enno bølgjar
og blafrar og blør han
så ein morgon ligg det der
eit slør av spindelvev
og skogskodde mellom
alt som har vore og
alt som skal kome
alt som skal rotne
og alt som skal gro
det glitrar og glimer
og berre er
ikkje skal ein vere
åleine langt til skogs
både bjørn og huldrefolk
kan ein treffe på
ei heller skal ein gå
berre for å gå
nei, eit ærend lyt ein ha
hogge, jakte, sanke
sjølv leitar eg etter
ei bortkomen søye
eg går og går
medan skogen dreg
sitt grøne, raslande
slep etter seg
til også eg er
grøn og raslande
til skogen er eg
og eg er skogen
og her finst ikkje
regnrasle eller
trolltusle
her finst berre
sagasus og svartsol
og strå så høge som
mannen sjølv
eg går og går
og slik konglene
opnar seg
slik opnar skogen seg
lag på lag
til eg kjem til ei glenne
der blømer blå blomar
sjølv i september
aldri før har eg vore nett her
aldri har eg sett
desse blomane
så blå og små
saman blir dei
til den vakraste
sommardagsfjord
eg ser
kring meg
og vassar uti
legg meg på rygg
kikar opp i himmelen
haslegreiner tynne
som fars blodårer
grønt lav som
storkna skyer
trekronene
som kjerrehjul
rundt og rundt
så byrjar eg
symje av garde
på blåhavet