Kjartan Hatløy
[OGSÅ PÅ DENNE]
[OGSÅ PÅ DENNE]
OGSÅ PÅ DENNE grusvegen: den brune, gamle katten med kvite potar. Ho lit ikkje på meg, endå vi har vore kjende lenge. Berre om eg går opp i «rett» og også smiler, vågar ho seg forbi i ein liten spurt der ho heile tida er på vakt og aldri slepper meg med blikket. Gammal, ja visst. Men enno ein stor jeger, endåtil om dagen.
Eg ser henne ute ein februardag når det snøar. Ho har huka seg ned, inga rørsle. Men så mangt har respekt for henne: Snøfloksene vert til null lenge før dei når den brune pelsen. For det er no slik at ho er ho. Og ho levde i juli også, ho sanka då inn så mykje solskin dag etter dag, for det meste den delen av det som veit å velje ut sine.