Kjartan Hatløy
[EG MÅ NO]
[EG MÅ NO]
EG MÅ NO, såpass seint i livet, elske dette som gjer at noko finst. Eg berre teier når nokon spør: Kva med det vonde.
Eg er forelska i den gjevande kraft.
Rada av desse ranke, høge granene ved gjerdet i vest er av det gjevne. Dei er aldri det spor triste, sjølv om dei samlar til seg eit slags årstidsuavhengig mørkre etter som åra vert særs mange. Røter har desse i lufta også. Kvar ny lyd frå vesleelva her borte er ei ny, frisk rot.
Granene mine, ja. Kjemmar skyer, bur i dogg: For kvar einaste drope speglar dei alle. Eg nyt sjølve spensten i deira voggande toppskot best tidlegaste vår, når svarttrosthannen kjem ned frå kvite høgder og vert til rein song. Med dirrande svart hals er den min stutte time sin einaste frelsar. Berre nokre graner, ja vel. Men mellom skyene og dei finst så mangt. Dei blygrå der dei kjem, dei raude, helsar ned frå alle klodens hav. Dei byrjar frå hi sida av jorda for å helse denne samtidige mørkegrøne fargen. Før dei fer vidare fram.