Ruth Lillegraven
prolog: all denne steinen
اللغة: النرويجية
الترجمات:
الألمانية (prolog: all dieser stein), الهولندية (PROLOOG: AL DAT STEEN)
prolog: all denne steinen
alt fell
i fjorden
himmelen
fjella, lyset
blått i blått
grått i grått
vått i vått
alt i alt
alt fell
i fjorden
vegen
så svingesmal
og steinstabbete
all denne steinen
som ein gong har
yngla fram, i fjøra
i kyrkjemurane
i potetåkeren
kvar kom
han frå
sjølv husa er
grå kjempesteinar
og røyken frå pipene
grå, grå, grå
men så er det
også grøftegraset
risleraslelauvet og
sundagsskyene
snart hit
snart dit
fram og tilbake
fram og tilbake
og under jorda
spira
små grøne fingrar
som strekkjer og
strekkjer seg
gjennom molda
gjennom molda
mørke modermolda
mot lyset
mot lyset