Paal-Helge Haugen
Meditasjon XIX
Meditasjon XIX
Brannrestar. Svidd dag. Ein ørken
stor som kroppen. Skifer-
sjel. Språket myldrar fram
før det vender seg
og teier
Det finst eit hemmeleg rom
mellom dagane, ei sjakt
ned mellom glatte veggar
eit sug mot botnen
Det finst ei kodemelding
skriven på innsida av augnelokka
Underlege maskinar om natta
meiningslause drivverk
og hjul, historien
står med halvopne dører av tungt metall
Ein tom fabrikkhall, eit ekkorom
ein låg slepande lyd
når restar og avfall blir fordelt
i syrebad, i slamkammer
Kom ikkje med denne kalken
denne oppslemma drikken, den bitre
kornete væska: smaken
av det som kan kome
Vi går ikkje for nær
Vi held ein avstand vi trur
gjer oss uskyldige
Vi har perfeksjonert
grensedraginga sin kjølige mekanikk
Dessutan er det altfor seint
eller altfor tidleg
Vi treng ingenting lenger
Alt er strålande byggverk
av sand av oske
Ein tilbakekalla profeti
Utopiens katastrofer
Gamle barn med augo til barbarar