Ruth Lillegraven
epilog: opp av jorda
اللغة: النرويجية
الترجمات:
الألمانية (epilog: der erde entspringen), الهولندية (EPILOOG: UIT DE AARDE)
epilog: opp av jorda
den evige tida
som gras på hesa
som garn på spolen
som sirkelen kring
månen, rundt og
rundt
for alt som skjer
har skjedd før
og alt som skjer
skal skje igjen
alt fell i fjorden
himmelen
fjella, lyset
blått i blått
grått i grått
vått i vått
alt i alt
men all
denne steinen
som ein gong
yngla fram
kvar vart
han av
husa har
fått fargar
gule kvite raude
brune grøne blå
og under jorda
ei ny spire
gjennom molda
gjennom molda
mot lyset
mot lyset