Paal-Helge Haugen
Dieses Gedicht liegt in folgenden Übersetzungen vor:
Meditationen VII (Deutsch)
Meditasjon VII
Avskorne restar. Koagulerte minne. Snømørker over megalittar og utskytingsramper, forvrengde meldingar, kodifisert kaos. Nedfall. Utstrekt lyd gjennom trommehinner, fire nåler. Hastig tildekka spor, famlande tankar, morfinfarga himmel. Døde barn bortgløymde i faldane av dagen, i kjellarmurar, nedgravne i søkk under forstanden. Det som er skrive er skrive for å viskast ut.



