Paal-Helge Haugen
(Oppklaring)
Language: norwegian
Translations:
german ((Aufklärung)), turkish ((Açılma))
(Oppklaring)
etter så mange år
opnat denne kvelden seg:
ei sjakt nedover
og tilbake, lyset fløymer
inn der vi ikkje trudde
det fanst
tre rører seg sakte, kvelden
krusa av ein vind av tid
som fører bort restane av forvitra
hat, forvirring
slagg, brokkar av ord med opprivne
kantar, bind for augo, lyden av
dører som slår og slår
tilbake blir konturane
av presise kjærteikn og vidopne
morgonar, gjennomlyste nedanfrå
og med ryggen mot mørkret, ein hard samla
vilje til å forstå
det som må bli forstått
vinden dreg forbi, det klarnar opp
eg rører deg
med ei begrensa hånd